Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten

Undersøking

Søvnregistrering (polygrafi)

Søvnregistrering blir brukt til utgreiing av obstruktiv søvnapné, som er ein sjukdom der personen opplever hyppige pustestoppar på meir enn 10 sekund. Korte pustepausar under søvn er nokså vanlege. Det er varigheita på pustestoppet og talet på pustestoppar i løpet av natta som definerer om det er snakk om sjukdom.

Før

Du skal ta faste medisinar som vanleg. Du kan ete og drikke som normalt før og under søvnregistreringa.

Under

Vi registrerer data frå søvnen din via avansert teknologi. Dette måler søvn, søvnkvalitet og lydstyrke (desibel) på snorkelydar. I tillegg registrerer det luftstraum gjennom nasen, rørsle i bryst og mage, kroppsstilling og aktivitet, i tillegg til puls og oksygenmetting.

Apparatet skal festast på denne måten når du skal sove:

  • elastiske band rundt mage og bryst
  • to klyper på T-skjorta
  • éin sensor på éin finger
  • éin nasegrime rundt øyra og inn i nasen

Undersøkinga gir ingen smerter, men nokon synest at nasegrimen er ubehageleg.

Informasjonsvideo om korleis du gjennomfører søvnregistrering heime:

Sykepleier på bildet, som viser hvordan instrumenter settes på kroppen.

Etter

Neste morgon koplar du deg frå apparatet og leverer utstyret tilbake til sjukehuset.

Svaret blir vurdert av ein lege og du får resultata på ein planlagd time ved poliklinikken.

I nokre tilfelle er det nødvendig å gjennomføre ei ny søvnregistrering.